Honndalshytta as

Velkomen til Honndalshytta

– vi lovar å ta godt vare på deg og hyttedraumen din

Vi forstår det slik at du går med planar om å skaffe deg hytte. Du er i godt selskap. Draumen om ein stad der ein kan kvile hovudet og ta seg inn att er djupt rotfesta i oss nordmenn. Og helst skal det vere ei hytte i naturen.
Det gjer godt å få med seg soloppgangen og prate med småfuglane på fôrbrettet. Det gjer godt å kjenne kroppen ta i med andre musklar enn dei ein nyttar i kvardagen. Det gjer godt å tilbringe fritida på hytta i lag med andre. Det er  ei slik god ro på hytta.
Vi i  Honndalshytta vil at dei gode hytteopplevingane skal byrje i same augneblink som du tek kontakt med oss. Du kjenner deg velkommen, vi lyttar godt og stiller spørsmål før vi tek til med å teikne hytta di, og du er trygg gjennom heile prosessen. Trygg på kvaliteten, trygg for pengane dine og trygg på at alt blir som du har tenkt. Slik det skal vere når draumen din skal gå i oppfylling.
Handverkstradisjonane er sterke i Hornindal – det set standard
Sant å seie har kvalitetshandverk  vore leveveg og livsstil her i dalen lenger enn nokon kan hugse. Og sjølv om vi teiknar hytta di på ei datamaskin, er både tømmeret og byggevarene av beste norske kvalitet. Det er den gjennomførte kvaliteten og menneska her som har gjort Honndalshytta til ei anerkjend merkevare.
Unn deg eit sunt og godt inneklima
Honndalshytta blir produsert av maskinlafta norsk tømmer. Den velprøvde byggemetoden og det naturlege materialet sikrar deg ei hytte som er tett og trekkfri, og som har eit sunt og godt inneklima. I ei tid der fleire og fleire er plaga med allergi eller er overfølsame, skal du vite at Honndalshytta er in god og trygg stad å opphalde seg.
Velkomen til Honndalshytta!

Webside

http://www.honndalshytta.com

Telefon

57 87 96 22

Epost

post@honndalshytta.no

Les mer